Innholdsmarkedsføring fra CCT

Familien Normann Tofte har funne draumestaden på Halsnøy i Sunnhordland. Dei var lei storbyens mas og jag, og flytta til eit roleg, men likevel pulserande jobb- og fritidsliv. (Foto: Arvid Steen)

I desse dagar sparkast det i gong ein rekrutteringskampanje for å tiltrekkje seg nye folk til dei åtte kommunane i Sunnhordland. (Sjå faktasak i høgre spalte).

Følg prosjektet på Facebook

Det har starta å bli ein trend at familiar som har budd lenge i norske storbyar flyttar heim til Sunnhordland. Samla kan regionen skilte med fleire tilflyttarar enn utflyttarar. Familien Normann Tofte trur det er fleire grunnar til at utviklinga er slik.

Sjå den nye filmen om korleis det er å bu i Sunnhordland.

– Spanande jobbar

Ho kan fortelje at «det nærast er ein løyndom», men at mange selskap har hovudkontor i Sunnhordland, som òg er sentrale aktørar på den globale marknaden.

Her finn du ledige stillingar i Sunnhordland

– Vi hadde ikkje flytta heim om vi ikkje hadde fått spanande og attraktive jobbar. Arbeidsmarknaden i regionen har eit breitt kompetansebehov, med store konsern som Wärtsilä, Kværner, Harding, Eide Marine Services og fleire andre selskap som er blant dei leiande innan sin bransje.

Ifølgje Silvia er det i tillegg mange små- og mellomstore selskap som er marknadsleiande innan sin bransje kor ein kanskje har fokus på ein nisjemarknad.

– Om du er interessert i å gjere ein god karriere, manglar det ikkje på høve til dét i Sunnhordland, seier ho.

Les meir om spanande arbeidsstader i Sunnhordland

Moro på landet

- Det har starta å bli ein trend at familiar som har budd lenge i norske storbyar flyttar heim til Sunnhordland, seier Silvia Tofte, saman med husbonden Stian Normann Tofte. (Foto: Arvid Steen

- Det har starta å bli ein trend at familiar som har budd lenge i norske storbyar flyttar heim til Sunnhordland, seier Silvia Tofte, saman med husbonden Stian Normann Tofte. (Foto: Arvid Steen

– Får du ofte høyre frå storbyvenene dine at det er «keisamt å bu eit godt stykke unna næraste Cafe latte-café?

– No kan vi alle lage god cafe latte heime, så den held nok ikkje, ler ho og leggjer til:

– Nei, eg har berre fått positive tilbakemeldingar. Det som er hyggeleg er at mange av venene våre òg flyttar heim til regionen når dei får familie. Det er trygt og godt her for born og vaksne. Nærleiken til naturen er fantastisk og fritidsaktivitetane er mange. Så, keisamt? Nei, langt i frå, smiler ho, men påpeiker samstundes at nokre gonger kan ein sakne det å sitte på ein travel kafé i storbyen og jobbe.

Og at det er nokre skilnader med å bu på ein liten stad, samanlikna med ein by, legg ho derimot ikkje skjul på.

Ingenting er som å trekkje pusten i rein og god luft i Sunnhordland.

Silvia Tofte

Ein perfekt kombinasjon

Familien Normann Tofte har tre hestar på småbruket dei har overtatt.

Familien Normann Tofte har tre hestar på småbruket dei har overtatt.

– Ein må engasjere seg meir i nærmiljøet. Ofte må du vere med på å skape fritidstilboda sjølv, i staden for å berre møte opp med ungane på fotballtrening. Men engasjement er berre positivt – då vert ein betre kjend med naboar og foreldre i nærmiljøet, seier Silvia.

Sjølv om storbyane prøver å lokke dei med jamne mellomrom, kjem ho og familien til å ha småbruket på Halsnøy som base, men det kan hende familien reiser periodar i utlandet for å tilegne seg meir kompetanse.

– Vi angrar ikkje eitt sekund på at vi flytta heim til vakre Halsnøy. Men for vår del var det òg viktig å ha høve til å reise ut i verda. Få litt ekstra luft under vengene. Med flyplass på Stord og berre to timar reisetid til Flesland, ligg alle alternativ for ein god ferie open, seier ho.

– Å bu landleg til i Sunnhordland, samstundes som ein bur nært større byar, er ein perfekt kombinasjon, seier ho.