Innholdsmarkedsføring fra CCT

- Gode badeanlegg er ettertrakta blant alle reisande, og vi er glade for å ha flotte Lustrabadet her, så nært fjell og fjord, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug har mange naturattraksjonar å by på. - Lustrabadet er eit glimrande supplement til desse, meiner han.

Reiselivsdirektør Ståle Brandshaug har mange naturattraksjonar å by på. - Lustrabadet er eit glimrande supplement til desse, meiner han.

Kvar sommar har Indre Sognefjord over 400 000 gjestedøgn. Turistar vitjar mellom anna Sognefjorden, Jotunheimen og Jostedalsbreen, og mellom slaga kan dei slappe av på badelandet Lustrabadet.

– Vi er ein av dei største feriedestinasjonane i landet på grunn av nærleiken til ein rekke spektakulære naturattraksjonar, som til dømes den landets lengste fjord, høgaste fjelltoppar og største isbre. Her kjem folk i alle aldrar og frå heile verda. Det er utruleg viktig at vi kan gi besøkande eit rikt tilbod, og Lustrabadet dekkjer i den samanheng eit stort behov. Gode badeanlegg er ettertrakta blant alle reisande, og vi er glade for å ha flotte Lustrabadet her, så nært fjell og fjord, seier Ståle Brandshaug, reiselivsdirektør i Visit Sognefjord.

Les meir om kva du kan oppleve i Sognefjord

– Perfekt for barn og vaksne

Mange barnefamilier tek ein dag eller to på Lustrabadet som ein leiken del av ein tur langs norskekysten.

Mange barnefamilier tek ein dag eller to på Lustrabadet som ein leiken del av ein tur langs norskekysten.

Brandshaug får støtte frå Helga Kalhagen, som er dagleg leiar på Lustrabadet.

– Vi merker at veldig mange turistar tek seg ein dag eller to hos oss i løpet av opphaldet sitt i området. Vi er eit perfekt alternativ både som avslapping for dei som har hatt utmattande turar i den herlege naturen i nabolaget, og for barnefamiliar som treng variasjon etter lange bilturar, fortel ho.
 
– Lustrabadet er perfekt for born som vil leike seg litt og foreldre som vil kople av. I tillegg er det jo eit poeng at vi i Norge har eit vêr som ikkje alltid innbyr til aktivitetar utandørs, og då er det veldig fint at turistane har eit underhaldande alternativ innandørs lett tilgjengeleg, legg Brandshaug til.
 
Les meir om Lustrabadet

Slapp av i den utandørs varmekulpen etter utandørsaktivitetar i den vakre naturen i området.

Slapp av i den utandørs varmekulpen etter utandørsaktivitetar i den vakre naturen i området.

Førsteklasses fasilitetar

Stupetårna i Lustrabadet er ein populær aktivitet.

Stupetårna i Lustrabadet er ein populær aktivitet.

Lustrabadet er eit av dei mest moderne og kompakte badeanlegga i Noreg, med idretts- og familieavdeling som blant anna inkluderer 25 meters idrettsbasseng med seks baner, ei  65 meter lang sklie med tidtakingssystem og stupetårn.

– Alle som vil trene, leike eller berre slappe av i sydentemperatur etter ein lang fjelltur er hjarteleg velkomne til oss. Vi har veldig mykje å by på for alle aldersgrupper. Til dei minste har vi plaske- og barnebasseng, blant ungdommen er idrettsbassenget og stupetårn på éin, tre og fem meter veldig populære, medan dei eldre nyter velværebasseng, kulpane og grottene. Skliene våre, Lustraplasket og Fartsrøyret, er godt besøkte av alle, ler Kalhagen.

Lustrabadet har ei eiga vassgrotte, klatrevegg i glas, samt dampbadstove og badstove. Frå badstoveavdelinga er det dør ut til kulpane, som ligg flott til under open himmel. Her finn du ein varmekulp på 39 grader med vassmassasje, og kaldkulp som held åtte til tolv grader. Herleg til å kjøle seg ned på varme sommardagar.

Les meir om fasilitetane på Lustrabadet

Turistar er velkomne til Lustrabadet gjennom heile sommaren.

Turistar er velkomne til Lustrabadet gjennom heile sommaren.

Ope heile sommaren

Anten sola steiker eller det er dårleg vêr får du ein fin dag på Lustrabadet.

Anten sola steiker eller det er dårleg vêr får du ein fin dag på Lustrabadet.

Både Brandshaug og Kalhagen ser no fram til ein travel sommar med mange turistar til området, og dei gler seg til å ta imot gjestane.

– Vi har utruleg mange flotte opplevingar å dele, og håpar at alle som vil ha ei unik oppleving tek turen til oss i Sognefjord. Her har vi den mest spektakulære naturen, og eit herleg badeanlegg der du kan ta eit avbrekk frå vandring, padling og andre aktivitetar utandørs, seier Brandshaug.

– Lustrabadet held ope heile sommaren, frå 1100 til 1730 måndag til fredag og 1000 til 1700 laurdag og søndag. Vi kan garantere eit herleg opphald, så det er berre å ta turen innom, inviterer Kalhagen.